Det Norske Teatret

Teknisk sjef for Det Norske Teatret

Er du ein erfaren leiar med teknisk innsikt og ei sterk evne til å byggje gode samarbeid? Vi søkjer ein strategisk og handlekraftig teknisk sjef som vil spele ei nøkkelrolle i teatret sine produksjonar.

Om stillinga

Som teknisk sjef har du det overordna ansvaret for den produksjonstekniske avdelinga og er ein del av leiargruppa. Stillinga inneber ansvar for teknisk drift, budsjett og strategisk utvikling av avdelinga.

Du sikrar god informasjonsflyt, effektiv ressursbruk og framdrift på tvers av produksjonane. I tillegg har du ansvar for teknisk planlegging og gjennomføring av teatret sitt samarbeid på tvers av avdelingar.

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver:

  • leiing, utvikling og personalansvar for fagavdelingsleiarar og tekniske produsentar på tekniske område
  • ansvar for budsjett, investeringsplanlegging og rapportering av økonomisk status
  • sikre effektiv produksjonsplanlegging og koordinering mellom dei ulike tekniske fagområda
  • vere med på å vidareutvikle teknisk avdeling med forbetringar, modernisering og effektivisering av system og prosessar
  • overordna HMT-ansvar innan teknisk område, med oppfølging av sikkerheit, risikovurderingar og kontinuerlege forbetringar.
  • bidra til kvalitetssikring og effektiv ressursutnytting innan teknisk drift

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Vi søkjer deg som har:

  • relevant arbeidserfaring og/ eller høgare utdanning innan tekniske fag på høgskule - eller universitetsnivå
  • leiarerfaring frå større organisasjonar
  • erfaring med leiing av tekniske team, gjerne innan kultur- eller scenekunstfeltet
  • god økonomisk forståing og erfaring med budsjettstyring.
  • svært god kjennskap til produksjonsplanlegging og tekniske krav innan teater, konsert eller annan scenekunst
  • evne til å arbeide strategisk og langsiktig med utvikling av avdeling og kompetanse
  • målretta, samlande og handlekraftig leiarstil

Vi tilbyr:

  • ei spennande leiarstilling i eit dynamisk og kreativt miljø
  • mogelegheit til å påverke utviklinga av teaterets tekniske avdeling
  • eit inspirerande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • konkurransedyktig løn
  • god samlet pakke med lønn og kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring
  • gunstig ferieordning

Ta kontakt med rekrutteringsrådgivaren vår Gro Møllerstad, Møllerstad rekruttering as, tlf. 915 59 752 as dersom du spørsmål. HR-rådgivar Torill Ringstad, tlf. 97005545 kan også svare på spørsmål.

 

 

Del på:

Referansenummer:

767714502

Fylke:

  • Oslo

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

18.03.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Oslo sentrum

Kontaktpersonar:

Gro Møllerstad

mob: +47 91559752

Adresse:

Kristian IVs gate 8 0164 Oslo

Kart: